§ 22-1. Generelt om retten til rådgiving
Den enkelte eleven har rett til to ulike former for nødvendig rådgiving: sosialpedagogisk rådgiving og utdannings- og yrkesrådgiving. Tilbodet skal vere kjent for elevar og føresette, og vere tilgjengeleg for elevane ved den enkelte skolen. Retten til nødvendig rådgiving inneber at eleven skal kunne få informasjon, rettleiing, oppfølging og hjelp til å finne seg til rette på skolen og ta avgjerd i tilknyting til framtidige yrkes- og utdanningsval. Rådgivinga kan vere både individuell og gruppevis. Eleven sitt behov og ønskje vil avgjere forma som blir teken i bruk. Rådgivinga skal medverke til å utjamne sosial ulikskap, førebyggje fråfall og integrere etniske minoritetar. For at rådgivinga skal bli best mogleg for eleven, skal skolen ha eit heilskapleg perspektiv på eleven og sjå den sosialpedagogiske rådgivinga og utdannings- og yrkesrådgivinga i samanheng. Eleven skal få den hjelpa han/ho treng for å utvikle seg vidare og utnytte eigne ressursar, utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller.
§ 22-2. Sosialpedagogisk rådgiving
Den enkelte eleven har rett til nødvendig rådgiving om sosiale spørsmål. Formålet med den sosialpedagogiske rådgivinga er å medverke til at den enkelte eleven finn seg til rette i opplæringa og hjelpe eleven med personlege, sosiale og emosjonelle vanskar som kan ha noko å seie for opplæringa og for eleven sine sosiale forhold på skolen. Ved behov kan eleven få hjelp til mellom anna å: klarleggje problem og omfanget av desse kartleggje kva skolen kan medverke til, og om det er behov for hjelpeinstansar utanom skolen finne dei rette hjelpeinstansane og formidle kontakt med desse. Eleven skal bli møtt med respekt av personalet på skolen i forhold til sine sosiale, personlege og emosjonelle problem. Personalet på skolen skal ha tett kontakt og samarbeid med hjelpeinstansar utanfor skolen og heimen slik at det blir samanheng i tiltaka rundt eleven. Hentet fra http://www.udir.no/Regelverk/Finn-regelverk-for-opplaring/Finn-regelverk-etter-tema/Skoleeiers-ansvar/Udir-2-2009-Retten-til-nodvendig-radgiving/ (26.06.15)
Jeg er rådgiver her på skolen, både når det gjelder sosialpedagogisk rådgiving og utdannings- og yrkesrådgiving. Jeg har kontor i andre etasje på ungdomsskolen og kan kontaktes direkte på skolen, på mail eller telefon.
Nyttige sider for informasjon om videregående skole, yrker og utdanningsløp samt inntaksgrenser på høyskoler og universitet finner dere her:
- http://utdanning.no/ - http://www.vilbli.no/ - http://www.samordnaopptak.no/info/
Hilsen Berit Andreassen